Vurdering for Læring

Den nasjonale satsinga Vurdering for læring starta i 2010. Det overordna målet for satsinga er at skoleeigarar, skular og lærebedrifter skal vidareutvikle ein vurderingskultur og ein vurderingspraksis med læring som mål.

Satsinga byggjer på forskning og erfaringar frå fleire land og på erfaringar frå prosjektet Bedre vurderingspraksis (2007-2009). Norske og internasjonale studiar viser at vurderingspraksisen har stor betydning for elevane si læring.

Den nasjonale satsinga tek utgangspunkt i fire forskningsbaserte prinsipp for god underveisvurdering som også er nedfelt i forskrift til opplæringslovens kap. 3.

Ein viktig del av satsinga er kapasitetsbygging hos skuleeigar. Dette består mellom anna i å etablere lærande nettverk og bygge struktur og kultur for kompetanse- og praksisutvikling. Deltakarane i satsinga vert meir bevisst på eigen vurderingspraksis, delar erfaringar med andre og utforskar nye måtar å vurdere på.